Boligen ligg i eit nyetablert barnevennlig område på Eggesbønes med kort veg til matbutikkar, apotek og helsesenter. Skule, Sunnmørsbadet, Herøy kulturhus og Bergsøy stadion med sine fasilitetar ligg innanfor gangavstand frå huset. Kort veg til Fosnavåg sentrum med butikkar, kafear, hotell, kino og konserthus.
Huset er eit tilpassa kataloghus frå vår huskatalog der vi har lagt vekt på husets beliggenhet på tomta og arealeffektive løysingar. Huset er over to plan med soverom i 1.etasje og kjøkken og stue i 2.etasje. Huset har ein stor syd og vest vendt terrasse, som gir mulighet for mange lange kvelder for avslapping etter dagens mas og kjas.
1. etasje inneholder 3 soverom, tv-stue, bad, vaskerom og vindfang. Vi leverer tett trapp frå Stryntrappa som standard, dette gir moglegheit for bod under trapp som tilvalg.
2. etasje inneholder Stue og kjøkken i en stor open planløysing samt wc og bod. Utgang til stor terrasse som dannar tak over carport, sportsbod og inngangsparti.
Kjøkken vert levert frå Sigdal type Vidde, kvit. Barløysing kan leverast som tillegg.
Boligen har peisovn med stålpipe, balansert ventilasjon og sentralstøvsuger.
Huset leverast med standard rør- og elektroinnstallasjon.
Vi har som standard Nordan vindu med aluminiumsbekledning utvendig og integrert utvendig solskjerming på alle store vindu på stovene.
Våre hus vert levert med gips på alle veggar og himlingar. Dette gir deg som kunde stor fridom til sjølv å bestemme fargar og overflater i huset, samt ei moglegheit til å gjere eigeninnsats med maling, flisarbeid, parkett osv.
Vi kan sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer i høve platevalg osv. på veggar og himling. Ta kontakt med vår husselgar for meir informasjon om moglegheitene du har for å tilpasse huset til deg.
Herøy kommune har full barnehagedekning og to av dei private barnehagane ligg innanfor gangavstand frå huset.
Kort avstand til bussholdeplass med gode forbindelser til alle sentra i regionen
Gangavstand til matbutikker, bensinstasjoner og kort vei til sentrum i Fosnavåg med mange handlemuligheter.
Gangavstand til skoler for alle alderstrinn.
Sunnmørsbadet, Havila Stadion og Fiskarhallen er stikkorda for den som vil utnytte områdets mange gode fritidstilbod.