Huset ligg i Tovågen bustadfelt på Myrvågtoppen i Herøy kommune. Dette bustadfeltet ligg i eit av kommunens vekstområde med barnehage, matbutikk og legesenter i nærleiken. Møre barne- og ungdomsskule ligg og i nærleiken, dette er ein privat skule med elevar frå alle kringliggande bygder og byar. Myrvåg ligg midt i sentrum for alle fire øykommunene Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Det er difor kort veg til alle 4 kommunesentra med dei tilbod og fasilitetar dei kan tilby
Huset er eit tilpassa kataloghus frå vår huskatalog der vi har lagt vekt på husets beliggenhet på tomta og arealeffektive løysingar. Huset er over to plan med soverom i 1.etasje og kjøkken og stue i 2.etasje. Huset har ein stor syd og vest vendt terrasse, som gir mulighet for mange lange kvelder for avslapping etter dagens mas og kjas.
1. etasje inneholder 3 soverom, tv-stue, bad, vaskerom og vindfang. Vi leverer tett trapp frå Stryntrappa som standard, dette gir moglegheit for bod undertrapp som tilvalg.
2. etasje inneholder Stue og kjøkken i en stor open planløysing samt wc og bod. Utgang til stor terrasse som dannar tak over carport, sportsbod og inngangsparti.
Kjøkken vert levert frå Sigdal type Vidde, kvit. Barløysing kan leverast som tillegg.
Boligen har peisovn med stålpipe, balansert ventilasjon og sentralstøvsuger.
Huset leverast med standard rør- og elektroinnstallasjon.
Vi har som standard Nordan vindu med aluminiumsbekledning utvendig.
Våre hus vert levert med gips på alle veggar og himlingar. Dette gir deg som kunde stor fridom til sjølv å bestemme fargar og overflater i huset, samt ei moglegheit til å gjere eigeninnsats med maling, flisarbeid, parkett osv.
Vi kan sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer i høve platevalg osv. på veggar og himling. Ta kontakt med vår husselgar for meir informasjon om moglegheitene du har for å tilpasse huset til deg.
Flott barnehage i gangavstand frå huset
Privat skule i gangavstand frå huset
Kort veg til sjø og fjell gir mange muligheter for å dyrke friluftsinteresser.
Nyetablert bustadfelt med mange småbarnsfamilier og gode muligheter for barna å få leikekameratar og ha eit trygt og godt oppvekstmiljø.
Myrvåg er eit knutepunkt i regionen. Det er gangavstand til busshaldeplassen sentralt i bygda.